Sosialt entreprenørskap

Dermed kan eg erklæra sida for opna. Har lengje gått å somla med å få lagd meg ei blogg, og endeleg fekk eg fingen ut.

Det er i andledning ei reise til Cape Town, Sør-Afrika at eg har oppretta bloggen. Eg flyr til Cape Town på laurdag, og der kjem eg til å bu fram til 28. August. Det heile er organisert gjennom eit program ved Universitetet i Oslo kalla Sosialt Entreprenørskap.

Du lurar kanskje på kva SosEnt går ut på og, ei av definisjonane er:

”Å starte en organisasjon eller bedrift hvis hovedmål er å løse et sosialt problem innenfor områder som miljø, utdanning, helse, menneskerettigheter og økonomisk utvikling. Sosiale entreprenører bruker metoder og verktøy fra forretningsverdenen for å gjøre verden litt bedre. ”

Kjelde: Senter for entreprenørskap

Med eigne ord vil eg sei at det kokar ned til å, “driva berekraftig business med hovedfokus på dei fattige, og som i tillegg kjem dei til gode.”

Sosialt entreprenørskap betyr for meg som multimediadesignar altså det å søkje seg fram til uselviske konsept liknande wikipedia og couchsurfing. Med tid og stunder kan det hende at eg får til noko slikt. Har mange idear i det minste. :)

Til slutt vil eg gjerne leggje til eit klipp.Andrew Mwenda som er ein journalist frå Afrika, holdt ein inspirerande og kritisk tale vedrørande all pengestønaden som afrikanske land har motteke oppigjennom årene.

Mwenda spissformulerar mykje av det han seier, men det vert ikkje mindre autentisk med det. Det må skapast eit velfungerande økosystem for økonomisk vekst.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s