Då Stoltenberg tok ein Obama

Hei verd. Det er ei stund sidan eg blogga her, men etter mykje om og men er det her “eg vil bu.”

Photo: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix/Office of the Prime Minister

No vil eg gå til striden, og dette innlegget si kjerne. Nett som Obama har blitt kjend for, å ha ein retorikk tufta på det å ikkje gå rundt grøten. Case in point: Fredspristalen til Obama, der han går rett inn i problematikken uten å nøle. Og det vinn han stort på. Nøye planlagt, mesterligt framført. Heile hendinga var så orkestrert at det einaste usikre ved besøket hans var eit spørsmål. Eit einsleg spørmål fekk pressa stille, nesten lik eit keisamt ritual. Nei, her tok staben til Obama ingen sjangser. Og der vil eg trekka ein parallel. For ein viss statsminister foretok nyleg ei 14 timars signingsferd på vestlandet. Heilt uanmeldt. Nøye planlagt. Snedig orkestrert. Opposisjonen blei parkert. Og folket likeså. Ingen rakk å stille spørsmål, om Mongstad, om Hardangerkablane, om sjukehusstriden. Utfallet var eit høgt volum av glade bilder av ein statsminister fritt for opposisjon, verken på staden eller i media grunna det luftige og godt utforma framlegget som det var vanskeleg å vere imot.

I alle fall. Eg las her om dagen i Studvest at den eigentlege tydinga av idiot, er “ein som ikkje bryr seg om politikk.” La oss ikkje vere idiotar. :) Stem. Og stem reflektert vel vitande om at politikk er eit sjakkspel der ingen av trekka er tilfeldige.

Oppdatering/oppklaring: Denne posten har ikkje som mål å vere rein svartmåling, men eg meiner berre at folk er betre tent med å ha ein nyansert oversikt. Den komplette sanninga finn du ikkje i denne posten. Og for å sitera ei bikinikledd historikar eg møtte på interrail. “Conspiration theories and the ‘agreed upon truth,’ The real truth is always somewhere in the middle.” ;)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s