Masterliv, inntrykk i frå fyrste månaden.

Stjernesalen, Det Akademiske Kvarter

Hehe, dette blir kanskje litt usamanhengjande. Men “for the sake of speed,” så blir dette nok ganske stream-of-consciousness stil over dette. Sitter på Kvarteret, og til tross for det tomme biletet (som eg tok sist laurdag då eg forsøkte å skrive dette innlegget) så er det ganske høglydt. Memo to myself, Kvarteret er rolegare på laurdagar enn måndagar.

No, er eg nokre veker ute i masterlivet. Eg har gitt meg ut på tre fag, 45 studiepoeng, som i grunn burde gå heilt fint. Faga tek for seg avansert interaksjon i ljos av nyare filosofi, semantisk web og korleis skrive ei god masteroppgåve. Etter eg fortalde lærarane om ambisjonane mine for masteroppgåva mi råda dei meg til å byrje allereie dette semesteret, ved å ta masterskrivefaget i tillegg til faga eg hadde vald. Flotte greier, ikkje her for å leka meg (for møkje). Har begynnt å legge band på meg i forhold til nye idear, så no parkerar eg dei heller i den flotte tenesta Evernote medan eg forfølgjer ideane eg faktisk skal gjennomføra dette semesteret. Alt til sin tid. I tillegg har eg satt opp ukentleg oppsummering av mi TO-DO liste slik at eg får tatt ut oppgåver eg i grunn kanskje aldri kjem til å få gjort og arkivert dei. Føles godt.

Legg ved eit foredrag i frå Tim Berners-Lee, oppfinnaren av internett (lagde eit sett med protokollar som me brukar den dag idag). Og som det kjem fram i foredraget så er Berners-Lee ikkje ved veis ende i forhold til visjonen hans for internett. Mykje gjenstår, og moglegheitene er store. Så, eg gler meg til å utforske ein del idear ikring det å kople saman forskjellige web-løysingar og skapa noke nytt. Skortar ikkje på idear, og det hadde vore flott å fått noko på plass som kunne ha sikra litt tilskudd i studenttilværelsen.

Sosialt positivt

Studentsamhaldet på masteren verkar lovande, det er få folk på masteren så gjenkjennelsesfaktoren er relativt høg og sidan dei få forelesingsdagane er så lange blir det tid til mykje snakk sosialt samkvem i pausene. Og eg tykkjer at det faktisk er ein viktig faktor for både læring og utvikling i form av refleksjonen det fostrar i oss. Hmm. Så, kva med å slengje inn ein halvtimes pause i mellom dobbeltime forelesingane på bacheloren? Altfor kort til å gå heim, så kva med å slå av ein prat om pensum (litt skjult sosialt interaksjonsdesign)? Berre å skrive dette gav meg nokre innfall om korleis me kanskje kunne ha fostra meir samhald på bachelornivå, men det får arkiverast eller overleverast. Må jo legga til at ideane mine er jo ofte for luftige eller berre ikkje gode. Men med meir kvantitet, så dukkar det også opp meir kvalitet. Viktigaste for meg no er å gjennomføra.

“Alt som er verdt å gjere er det verdt å gjere godt.” – Norsk sitatboksamling (diverre hugsar eg ikkje kven som skreiv det).

Ciao!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s