Masterliv: Sosialt påfyll

I det siste har eg tenkt litt på det med sosialt påfyll, og med det dei tinga me gjer for å kjenne oss inkluderte i samfunnet rundt oss. Personleg sett så likar eg faktisk å sjå litt den sosiale input’en som det blir lagt fram i The Sims, som ei søyle ein er nødt til å vere litt obs på ellers går det utover alle dei andre tinga du søkjer å gjere i kvardagen.

Når eg tenkjer på kvardagen, så må eg innrømma at eg ikkje har nokon spesiell plan over dagane. Eg vaknar opp, må få i meg mat (det veit eg), og gjere noko skulearbeid (det veit eg òg). Heldigvis, takket vere moderne teknologi så famlar eg ikkje heilt i blinde. Touch Calendar Pro applikasjonen til min Android telefon har blitt eit (nesten) uvurderleg verktyg. Mobilen synkroniserar seg automatisk med kalenderen min på Google, og forandrar eg noko den ein stad så blir det reflektert begge stadar. Einaste skåret i gleden er ein keisam bug i Xperia X10 mini’en min som hindrar meg i å lage automatiske varsel for meg sjølv, men akkurat det løyser eg berre ved å gløtta på kalenderen med jamne mellomrom.

For ikkje så lengje siden kom det for meg at det var ei venninne eg ikkje hadde prata med på ein stund, så eg tok kontakt. Og fekk avtalt ei avtale milevis fram i tid, altså den etterfylgjande fredagen, som latar til å vere langt fram i tid om ein nyttar sosiale medier som referansepunkt. Eg trur sosiale medier, med sine lause, flyktige invitasjonar utan konsekvensar gjer sitt for å forandre vår emne til å planlegge kvardagen. (Kor langt fram i tid pleier du å planlegge avtalar med vener f.eks.?) Uka gjekk, og fredagsavtalen blei ein suksess i form av herlegt funderande konversasjon. Det var flott å berre kunne ta seg tid til å sitta, snakka og drikka kaffe. Ein verdi i seg sjølv, og kanskje ein form for mental trening: Å veksle meiningar, og fundere saman.

Den etterfylgjande helga spelte eg Magic: The Gathering med ein god ven i frå Immaturus, over nett. Spelet tek tid. Tid som eg kunne ha brukt på å lese, men det er verdt det tykkjer eg. Særleg når eg speler med vener.

“There is a lot of interesting research that shows that we like people better after we play a game with them, even if they’ve beaten us badly. And the reason is, it takes a lot of trust to play a game with someone. We trust that they will spend their time with us, that they will play by the same rules, value the same goal, they’ll stay with the game until it’s over (Jane Mcgonigal).” Eg skal vere den fyrste til å innrømma at eg likar å referere til denne forskaren. Håpar eg kan få brukt noko av arbeidet hennar i masteroppgåva mi.

I min søken etter relevant litteratur til masteroppgåva mi, så kom eg over ein artikkel i frå nymag.com: Alone Together. Lengje har eg tenkt at byar er levande paradoks, med så mykje folk og så mykje einsamheit samla på ein stad. For det er eit tema som mange likar å skrive om. Men denne artikkelen går ganske utførleg gjennom forsking som peikar mot at byar ikkje er så einsamme som ein skulle tru. Ei grunn er at folk sitt kontaktnett av folk ein veit av er så mykje breiare. Dermed (eller herved) har eg justert mi oppfatting av byen som ein einsam plass.

Det er vel kanskje logisk i grunn. Ein får mykje gratis ved å bu i ein by, og særleg om ein vankar i diverse sosiale miljø som Studentteateret Immaturus, BSI Dans, Universitetet i Bergen (studentblogg.uib.no) og Det Akademiske Kvarter. Vekentleg figurerar eg i desse miljøa. Og eg tenkjer at det er lett å bli tilbakelent, og berre rusle rundt frå stad til stad og satse på at ein treff nokon kjente (veldig ofte fungerar dette heilt fint). Ein kjem fort i snakk med interessante personar, deira vener, og får dermed auka sitt kontaktnett. Tilsynelatande utelukkande bra, men eg trur det er eit lite aber i dette. At dersom ein ikkje er vand til å ta kontakt med vener, få avtalt ting i god tid, så vil kanskje kome i snakk med mange kjente, men aldri få snakka ut.

Valget er lett, ein treng å ta tak for å halde barometeret for sosial interaksjon oppe. Min plan i så måte er å freiste å få på plass litt morgenrutiner med vener, halvtimes kaffeslabberas på morgonkvisten som sosiale drypp i ein hektisk kvardag. Alle andre tider på dagen er kan hende litt vanskelegare å koordinere, men heller ikkje umogleg. Det hadde vore fint med litt sosiale rutiner, ved siden av leserutiner (som også hadde vore fint å fått på plass).

Kva for tankar gjer du deg om ditt sosiale liv?

Bonus-level: Historia til det som blei monsterhit serien The Sims, i ein artikkel hos Pressfire.no.

2 thoughts on “Masterliv: Sosialt påfyll

  1. Hyggelig lesing! Mitt sosiale liv arter seg på en litt annerledes måte enn slik du beskriver ditt. Noe kan begrunnes med ulik ståsted i livet, men jeg merker også presset med knapphet på tid. Jeg har mye av dagen min belagt med obligatoriske gjøremål så som arbeid med studier, men også plikter som involverer andre enn meg selv, det vil si være med å gjennomføre fastlagte rutiner slik at familielivet går noenlunde på skinner. Det innebærer alt fra matlaging til kjøring til aktiviteter. Viktige ting, og mye sosialt innimellom, men mest på andres premisser. Derfor er det viktig for meg
    å ha arenaer der jeg velger mitt sosiale liv. Sosiale medier kan ikke fylle det for meg, jeg må leve mitt liv i den fysiske verden også. Vi kommuniserer på sosiale nettsteder, men måten vi kommuniserer på baserer seg mye på det skrevne ord. Vissheten om hva vi sier når vi ikke sier det, mister vi, fordi det er mindre rom for fortolkning. Tenk på hva tonefall, pauser og gestikulasjoner har å si for et samspill mellom to personer. Derfor er det hyggeligere å drikke kaffe med venner, enn å sladre på facebook, synes jeg.

  2. Flott innspel! :) Får meg til å tenkje at det kanskje hadde vore relevant å forska på kva video har å seie for folk sitt digitale liv. Dersom ein brukar f.eks. Skype eller Google Hangout mykje, får ein då “nok” sosial input i kvardagen eller treng ein noko uttover det? Kva vil isåfall bli sakna?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s