Masterliv: Tankar rundt eit kontantlaust samfunn

Munk som spør etter donasjonar

CC-BY: Nestor's Blurrylife (Flikr)

Det er morgon og eg er på veg til Universitetet for å sittje på den lune, trygge og delte lesesalsplassen eg har fått tildelt. På veg forbi den blå stein blir eg møtt av koppar som raslar av pengar. Eg har lite imot tiggarar for det er nok ikkje let uansett. På sett og vis så er det eit arbeid som tek heile dagen, og det ser ikkje morosamt ut. Ristande på hovudet og med ein open hand må eg berre meddele, “sorry man.” Andre brukar å tale på norsk har merka, moglegvis i trass.

Tanken slo meg når eg var på veg heim idet eg passerte den same tiggaren som eg hadde passert tidligare på dagen, som spurde om seg etter “change.” For kva vil skje dersom finansforbundet får gjennomslag med kampanjen sin og får etablert Norge som kanskje det fyrste kontantfrie samfunnet?

Eg ser for meg at ein slik gradvis endring mot den kontantlause samfunnet vil presentera oss med visse problem. Det vil kanskje bli ein utfordring å få solgt blad som =Oslo på gata utan kontantar. Løysinga på det må bli bruk av mobiltransaksjonar, som er blitt særs vanleg i bla. Kenya gjennom M-PESA konseptet. Her vil eg seie at Kenya moglegvis ligg foran Norge i innovering mot eit kontantlaust samfunn. Eg kjem ikkje i hug om det var i Kenya, men i somme afrikanske land aksepterar taxiar kun mobiltransaksjonar pga. ransfaren ved for mykje pengar.

Til slutt, så vil eg berre runde av med å reflektere litt rundt alle desse frivillige organisasjonane, som også står rundt omkring i håp om sikre seg økonomisk stønad i frå forbipasserande. Eg støttar saka deira, det gjer eg vitterleg. Men eg må seie eg blir paralysert i forhold til det å gje pengar. Er moglegvis heilt rart på det feltet, men eg får meg ikkje til å gje pengar til gode sakar. Eg vil heller gjere gode ting, i staden for å gje pengar. Så, om eg kunne få velje så skulle eg gjerne ha gitt aukt merksemd til desse gode sakene. Ja, eg snakkar faktisk om likes, fordi merksemd kan også sjåast på som ein kapital. Ein kapital som faktisk ligg oss nærare enn pengar, utan merksemd i frå omgjevnadane så døyr du heilt enkelt. Når me ser bloggarar håva inn pengar så er det nettopp grunna merksemden dei sel til sponsorane sine, for på internett så er den knappaste ressursen merksemd. Så, kva om eg kunne ha gitt merksemd til gode sakar på ein måte som kunne få sjølv politikerar til å skjøne at saka hadde breid nok oppsluttning i folket til å måtte trengje meir støtte. For politikerane ynskjer å knytte til seg merksemd dei óg.
“If the Web and the Net can be viewed as spaces in which we will increasingly live our lives, the economic laws we will live under have to be natural to this new space. These laws turn out to be quite different from what the old economics teaches, or what rubrics such as “the information age” suggest. What counts most is what is most scarce now, namely attention (Goldhaber, 1997).”
Kva trur du, brukar du merksemd som kapital?

2 thoughts on “Masterliv: Tankar rundt eit kontantlaust samfunn

    • Ja, det er interessant korleis dei afrikanske landa kjem på nett i forrykande fart. I dei Vestlege landa tok det litt tid før folk gjekk over til mobil pga. det var allereie ein etablert løysing i form av fasttelefon. Men i dei afrikanske landa så gjekk dei rett til mobilen, og hoppa mange stadar over steget med dyr utbygging av telefonnett. Dette får meg til å tenkje at afrikanske land har moglegheita til å gjere eit byks framover der dei hoppar over ein del “steg.” (Viktig å presisera at eg ikkje trur på ein etablert lineær sanning i utviklingsteg.) Kanskje vil laptopar aldri bli ein stor greie, og i staden vil det bli vanlegare å bruke mobilen til alt.

      Dette er forresten ein veldig underholdande filmsnutt om statistikk & utvikling:

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s