2012: Året der me gjekk lei av Facebook, og tok nettlivet seriøst?

Mjuk sofa mot ryggen. Varm laptop mot låra. Beina på bordet, dressbukse på, men utan skjorte og slips. Euronews durer på tven, med festbilete i frå diverse verdshjørne. Juletreet skin ved sida av tven. Akvariet i hjørnet av stua forsøkjer å stjele litt merksemd, surklar vel høgt. Nyttår er overstått, tjuetolv er no iverksatt. Etter å ha kome heim i frå eit nyttårsselskap med onkel og tante, blei eg sittjande å sjå slutten av filmen I, Robot.

Living room, with an empty sofa and a laptop sitting on a table.

Så, kva har teknologien gjort med oss?

Det er ikkje av dystopiske grunnar eg skriv dette, berre undrande. Gjennom å handle med verda rundt oss, er me i stand til å definere oss sjølve. Einkvar ting som påverkar denne samhandlinga med omverda, er samstundes med på å påverke menneska.

Dette er kjernen i frå ei av dei tyngre teoriane innafor interaksjonsdesign, Aktivitetsteorien, ein teorie som forsøkjer å kome til bunns i forholdet mellom menneske og teknologi.

“Activity Theory emphasizes that human activity is mediated by tools in a broad sense. Tools are created and transformed during the development of the activity itself and carry with them a particular culture – historical remains from their development. So, the use of tools is an accumulation and transmission of social knowledge. Tool use influences the nature of external behavior and also the mental functioning of individuals.” Activity Theory: Basic Concepts and Applications.

Litt sliten av våre digitale ritualer

Eg sendte ikkje særleg masse meldingar i kveld, kun 2-3 stk til venner og kjære. Det har gått same vegen med gratulasjonar på Facebook, eg skriv sjeldnare gratulasjonar. Ikkje fordi eg har noko imot folk, men eg trur eg har eit problem med mediumet. Facebook er liksom ikkje nytt og spennande, verken Twitter eller Google Plus verker særleg spennande heller. Kanskje har eg berre fått litt nok, og kanskje er dette symptomatisk for ein meir allmenn, gryande tidsånd? Kanskje er det fleire som meg, som tykkjer det byrjar å bli litt upersonleg å sende gratulasjonar til alle på telefonlista si, eller til følgesveinane i diverse sosiale media.

Poenget mitt i dette innlegget er kanskje fråverande, eg anar berre eit lite skifte hos meg sjølv. Kanskje har det berre med at eg har latt meg eksponere litt for lengje for internett i jula, og kombinert det med litt lite søvn. Eg har undra ein del i jula, om kor det er best å dele tankane mine. Å velje kva for tankar ein vil dele, og om kvifor ein i det heile teke ynskjer å balansere dette.

Kor skal ein dele dei dyrebare tankane sine?

Statusoppdatering for statusoppdatering så byggjer ein seg opp ein vakker historikk av viktige/uviktige oppdateringar. Oppdateringar som er kjelde til ettertanke, og underhaldning i etterkant. Systera mi undra seg om kvifor hu skreiv alle dei tidlege oppdateringane hennar med “is” i forkant. Dette er historie. 200 år fra no vil kanskje historikerar søkjer gjennom statusoppdateringar for å kartleggje korleis enkelte sosiale utviklingar fann stad. Men det spørs om desse dataene ikkje vil bli forbli låst i ein gedigen firmadatabase. Kanskje vil dine tipp-tipp-oldebarn kunne få grave i dine statusoppdateringar, sjå på dine bilete, eller høyre stemma di i videoblogg-postane dine? Eller kanskje vil dei aldri få tilgang til dine data, låst bak firmamurer i form av pay-walls. Ev. uforvarent slettet, uten ansvar ifølge firmaet sin brukeravtale. For nokre år tilbake skreiv eg oppdateringar og innlegg på eit lite nettverk kalla Blink. Eg fann for seint ut at dei skulle stengje staden ned, og slette brukerdataene. Så, eg mista nokre digitale år i frå tenårene mine. Og eg kan sukke høgt, for eg veit at det var nokre flotte innlegg eg hadde der. No, kan eg berre sørge for å ha sikkerheitskopiar av det digitale materialet mitt. Arvegods. Tankegods.

Fjerde januar sparkar Timeline funksjonen til Facebook in for fullt. Fleire av forkjemperane saluterar nyvinninga med at, “eg berre sluttar meg til dei som ikkje har noko å skjule.” Eg har ikkje noko å skjule, men eg har betenkeligheter med å mate livet mitt inn i ei firmabase. Og enda meir med å ta bilete av andre og mate dei inn, utan samtykke. Nett no verkar dette trivielt, men firmaene ynskjer at ettersom årene går så skal brukar bli meir og meir investert i deira løysing. Tilsynelatande sementert. Men det finnes (framleis) enkle utvegar. Til dømes: Ein kan med få klikk få ut all brukerdataen sin gjennom facebookexport.com. Ikkje at eg kjem til å gjere det nett no, men det er kjekt å ha i bakhånd.

Frå miljøvern til infovern

Nett slik miljøvern organisasjonane i sin tid fekk folk til å få augene opp for korleis menneske herja med miljøet, trur eg organisasjonar som Piratpartiet i Sverige er på veg mot å få folk til å sjå korleis enkelte firma har fått herje med kulturarven vår. Dette avsnittet er kanskje ein digresjon, men eg føler for å inkludere dette for konteksten sin skuld.

Edit: Her er ein artikkel som aktualiserar nødvendigheten av infovern, link.

Livsgnisten tilbake i sosiale medier

Til sitt forsvar så er Facebook ein flott telefonbok og kommunikasjonsplattform, på bakgrunn av at det (framleis) er mange der. Men eg vil ikkje at det skal bli min scrapbook, min livsbok. Så, eg kjem nok sterkt tilbake med fleire tankar om korleis ein kan frigjere seg i frå firmabaserte løysingar med åpen-kildekode løysingar.

Eg kom i frå enkel nyttårsgrubling, til ein liten appell her på slutten. Klokken er 06:03, eg byrja å taste for over to timar sidan så eg har vel tenkt litt. Søkt ein heil del har eg òg. Guri, ikkje rart eg skriv bloggpostar så sjeldan. (Tenkjer eg tek å sett opp denne posten til å bli synleg kl 15 idag.)

Om ikkje anna, så fekk eg rydda opp litt i meg sjølv. :)

Har du byrja å bli lei av sosiale medier, og kan du fortelje meg kvifor? Ev. kva bør endrast?

One thought on “2012: Året der me gjekk lei av Facebook, og tok nettlivet seriøst?

  1. Pingback: Livstilshacking: Korleis bli kvitt facebook reklame og skilje vener frå bekjente | carpe terram

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s