Avspenningstimar hos SIB, o lykke! :)

ImageEttermiddag på lesesalen. I morgen skal eg ha ein framføring av ein facebook applikasjon, før eg så har ei veke på å få ferdigstilt ein rapport på 15s. Heldigvis har eg tre andre flinke folk med meg i dette arbeidet, og eg har (framleis) roen mykje takka være desse avspenningstimane til SIB. Onsdagar 15 – 16, gratis drop-in.

For ikkje så lengje siden intervjua studentradioen Marianne, forkjemparen for dette tilbodet. Intervjuet kan du høyre her. 

Slik. Du er no tipsa.

Gler meg til å bli flinkare på å stresse ned. Det er gjennom å vere nedstressa og tilfreds at ein faktisk får gjort noko.

Bonus-tips:

Freebie: Nøkkelen til ein produktiv kvardag

A figure winking and giving a thumbs up

CC-BY-SA: Marilyn Acosta on flikr.com

Produktivitet opptek meg (litt for mykje).

5. Februar holdt eg eit seminar for styret i Immaturus, der eg holdt eit innlegg basert på alskens produktivitetsressurser. Det blei ein god diskusjon med mykje bra innspel i frå styret, og eg har forsøkt å samle alle tipsa på ei beskjeden side.

Her er juksearket for produktivitet, “but remember with great power comes great responsibility.”