Ein vellykka fagkritisk dag – Informasjonsvitenskap 2013

Puh! Der var me i mål! I år hadde me ikkje berre eitt, men to fagkritiske dagar. Ambisiøst. Takka vere god hjelp i frå fagutvalget samt økonomisk stønad i frå instituttet vårt så fekk me gjennomført to flotte arrangement. *Stolt fagutvalgsleiar*

Her vil eg berre gjere ein kort oppsummering (den blei lengre enn eg trudde). Eg tok ein del bilete, men dei blei litt vel grovkorna i det beskjedne lyset. Håper ein likevel kan sjå at det kom ein del folk. :) Tal på oppmøtte var særs positivt både hos Mevi og Info, med henholdsvis ca 60 og ca 45 oppmøtte.

Slik var programmet for Info

  1. Fått nok av Java sin ‘public static void main’? Ta ein turbotitt innom 10 programmeringsspråk på 1 time ved Bjarte Johansen og Eivind Jahren
  2. Informasjonsviteren goes konsulent: presentasjon av Regine Sagstad Berg
  3. Interaksjonsdesign som karriereveg: Informasjon og inspirasjon ved Tone Nordbø
  4. «Framtidens tomme forelesninger?» Debatt med DigUib: Jill Walker Rettberg (Professor i digital kultur), Siri Knapskog (DigUib, Studentparlamentet) og Frode Guribye (Førsteamanuensis ved InfoMedia)

2013-03-07 10.27.58 2013-03-07 10.38.49

Ti programmeringsspråk, 1 time. Fyrste forelesning var ved Bjarte Johansen og Eivind Jahren med eit gjesteinnslag av meg. Når eg tok kontakt med dei for ei tid tilbake så tok dei det på strak arm og gav ein 5min presentasjon av i alt ni språk: Go, Clojure, Haskell, Prolog, Agda, Javascript, Coffeescript, Python og Bash.

Her er forresten det fulle coffeescript eksempelet mitt, som ein github gist. Eivind har forresten også sendt meg sine slides: Haskell slidesProlog slides, Agda-Slides. Resten av språkene finn du i Bjarte sine slides. :)

2013-03-07 11.22.40 2013-03-07 11.23.28

Informasjonsviteren goes konsulent ved Regine Sagstad Berg @reginesagstad. Eg tenkjer at mange av tilskoderane vil vere einige med meg om at Regine gav ein god og viktig presentasjon av korleis overgangen til arbeidslivet fortoner seg for nokon som ynskjer å jobbe med interaksjonsdesign. Eg fekk tilsendt presentasjonen hennar i etterkant så eg skal ikkje forsøkje å hugse alt hos sa, men noko eg beit meg merke i presentasjonen var verdien av det å vere trent opp i det å kunne vere analytisk, skrive lengre rapportar og vite tidleg i studiet ditt kva for yrke du ynskjer å sikte deg inn mot. [pdf] Regine Sagstad – Fra student til konsulent

2013-03-07 12.29.18

I tillegg til å gje verdiful innsikt arbeidsdagen for ein interaksjonsdesigner så gav Tone Nordbø også uttrykk for si kjærleik til post-it. Eit viktig verktyg.

Interaksjonsdesign som karriereveg: Informasjon og inspirasjon ved Tone Nordbø @tonenordbo. Selv om både Regine og Tone jobber som interaksjonsdesignere så leverte dei presentasjonar som komplementerte kvarandre godt. Tone skildra meir av arbeidsdagen som interaksjonsdesignar, med fokus på interaksjonsdesignprosessen. Her er nokre tips i frå forelesningen hennar:

  • Mange interaksjonsdesignjobbar blir ikkje averterte gjennom dei vanlege kanalane. Ofte bør ein fylgje med på Twitter og firmaene sine eigne bloggar.
  • Kom med gode kommentarar. Ein kan fort gjere seg synleg som interaksjonsdesignar dersom ein er inne og gjer gode kommentarar på firmaene sine bloggar.
  • Portefølje gir pluss. Både Regine og Tone peikte på fordelen ved å ha ein fin presentasjon av tidlegare arbeid på nett.
  • Lær informasjonsarkitektur. Både Regine og Tone påpeikte at folk som søkjer seg jobb som interaksjonsdesignerar bør vere forberedt på å bli testa i informasjonsarkitektur som er emna til å organisere informasjon på hensiktsmessig vis.
  • IXDA er ein forening for interaksjonsdesignerar og Tone oppmoda folk i salen til å søkje opp IXDA Bergen, ei gruppe som forsøkjer å starte opp no. @IXDA_Bergen
2013-03-07 13.59.47

Eit kornete bilete av ein god debatt. :) Frå venstre møt høgre: Nils Norman Haukås, Frode Guribye, Jill Walker Rettberg og Siri Knapskog

Debatt: DigUiB, framtidens tomme forelesninger? Fyrst må eg beklage at debatten ikkje blei streama, då kunne eg berre ha linka til det som endte opp med å bli ein fin debatt ikring Universitetet i Bergen sin digitale framtid, ein aktuell debatt sidan det er rektorvalg og mykje fokus har blitt retta mot digitaliseringen av UiB. Eit digitaliseringsfokus som også har møtt motbør. Som debattleder så forsøkte eg å lande på ein vennskapelig uenighet mellom debattantane. Målet var å forsøkje å få fram eit nyansert bilete av DigUiB for så å la publikum gjere seg opp ei meining. Her kjem nokre kulepunkt, kan synast at folk var veldig einige men det var definitivt eit kritisk blikk om kva ein faktisk bør prøve eller ikkje prøve å få til med digitaliseringen. Saksopplysning DigUiB sitt hovudfokus er digitalisering av pensum, digital eksamen og podcasting/streaming av forelesninger. Og det var særleg det siste punktet me ville fokusere på i denne omgangen.

  • På 80-tallet meinte nokre at pcen ville kome til å “sprengje” klasserommet. Tretti år seinare så kan ein sjå at det ikkje har skjedd og difor er det grunn til å tru at digitaliseringa ikkje kjem til å gå den klassiske forelesningen til livs (Guribye). Vidare sa Frode at mange vil kanskje at dialogen er det mest lærerike, men dersom du har ein bedrift på over tusen ansatte så må ein tenkje effektiv distribuering og då er digitalisering med ein gong aktuelt igjen.
  • I Florida blei eit Universitet nøydde til å gjere 40% av undervisningen digital sidan det var for mange studentar. Etter ein grundig evaluering av læringsverdi og karakterresultat kunne Universitetet peike på ein sterk tendens mot at studentar som benytta seg av det digiale tilbodet skora høgare enn dei som hadde klassiske undervisningen (Rettberg).
  • Siri Knapskog fortalde om eit eksempel i frå Berlin der bachelorstudenter blir kasta ganske rett ut i det. Bachelorstudentane blir stilt overfor ei tilsynelatande umogleg problemstilling og blir utfordra til å kritisk søkje opp kjelder sjølv og levere eit sjølvsstendig arbeid. Kvar student fekk tid med ein veiledar, der veiledaren gjorde sitt beste for å provosere og utfordre studenten gjennom spørsmål og peike studenten mot potensielt gode kjelder.
  • Eg stillte spørsmål med korvidt ein kunne sjå for seg ein modell der studentar såg forelesningar heime og kom på skulen for rein fagleg diskusjon. Panelistane såg for seg at dette kunne vere mogleg. Rettberg nevnte at denne undervisningsformen er kalla flipped classroom.
  • Frå salen kom det eit poeng om at dersom det er krav om å ha satt seg inn i pensum i forkant av ein forelesning så kan det pensumet vere på mange ulike format inkludert video. Debattantane argumenterte ikring det at ein då må i starten av eit fag seie klart i frå om at faget krev høg deltaking og at ein verkeleg må kjenne pensum i forkant av forelesningen.
  • Eg skaut inn mot slutten at det kan vere ein fordel å ha forelesningar på nett grunna fleksibiliteten det vil gje foreleserar til å ta forskingsfri samstundes som studentar framleis kan bli tilbudt det faget. Det blei sagt at ein bør også sjå den nasjonale og internasjonale konteksten der offentleg finansiert kunnskap bør vere tilgjengeleg for flest mogleg folk.
  • Til slutt blei alle stillt spørsmålet om ein kom til å sjå tomme forelesningar i framtida og det var det ingen som trudde. Verdien av å vere i ein god forelesning med ein forelesar som formidler ein entusiasme er framleis uvurderlig.

3 thoughts on “Ein vellykka fagkritisk dag – Informasjonsvitenskap 2013

  1. Pingback: Fra student til konsulent | Opplevelser

    • Jo, takk for at det blei satt pris på. :) Skulle berre bli noko kort, men så blei det ein liten avhandling. Leste ein plass at ein burde blogge slike ting eller så har det liksom ikkje skjedd. Er greit å blogge slike ting slik om berre for å hugse det litt betre sjølv også. :)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s