Konsulentrefleksjonar og statleg pengebruk

Norge bruker penger på konsulenter, og til tider ein god del. Her vil eg berre raske saman nokre lenker og litt tankar.

“Konsulent eller rådgiver er en tjenesteyter som i en profesjonell ramme tilbyr sin ekspertise innenfor et visst fagfelt (for eksempel IT, økonomi, teknologi, kommunikasjon, bygg, anlegg og jus), vanligvis i et begrenset tidsrom.” (Skamlaust saksa frå Wikipedia.)

Konsulentverksemda ligg ikkje så nært på kroppen for folk flest. Det er som regel kun store institusjonane, store bedrifter, som har råd rett og slett til å hyre inn konsulentar. For det blir fort dyrt.

  1. Ahus brukte 3,7 mill. – vet ikke hva de kjøpte.
  2. Visstnok var det ein som snekra saman ein liknande løysing på nokre kveldar.
  3. No har Ahus engasjert konsulentselskapet PwC for å finne ut korleis dette kunne skje. 

Her er ein frå transportsektoren.

  1. Vegvesenet brukte mer på konsulenter enn på asfalt.
  2. Kan hende dei hyrer inn konsulenter for å finne ut om Jerbaneverket og statens vegvesen driv effektivt?

Ein frå kommunesektoren.

  1. EDBs økonomisystem gir mareritt
  2. Slaktes etter Evry-kjøp

Ein klassiker: Innføringen av Flexus, eit elektronisk billettsystem i Oslo. Fyrste forsøk 1984 – 1996, etter ein rekke problem blei leverandøravtalen sagt opp. Det neste forsøket blei satt i gang i 2000, og etter kostnader på 600 millionar for det nye systemet kom det til slutt ut av prøveperioden i 2011. Det blei også tid til ein politisk oppvask, men politikerane Peter N. Myhre og Michael Tetzschner hadde begge forsvunnet til andre verv (og derfor utenfor kritikk?). Vidare kan ein lese at i 2012 ville fleire firma gi opp Flexus til fordel for eigne kort.  Nokre månader etter kunne ein lese at opp til fleire prosjekt på å lage billettapplikasjonar hadde blitt satt i gang. Så får ein sjå. Skepsis til tross, eg synes forresten både billettapp’en til både Skyss og til Kystbussen er ganske greie. Her er forresten ei lita humorperle om nettopp Flexus, berre sånn for å lette litt på humøret.

Tips meg gjerne om konsulentbaserte pengesluk. :)

Konsulentprosjektet som dokumentar 

“Whether it’ll be a spectacular failure or a roaring success you’ll be along for the ride” (Tim Schafer). Dette var orda Schafer ytra idet han pitcha spillprosjektet sitt som eit Kickstarter prosjekt. Fansen skulle få vere med på prosessen. Det slo an, og dei klarte å skaffe tre millionar dollar. Å åpne utviklingsprosessen slik for fansen, som du kan sjå her er framleis ganske uhørt for mange firma. Og truleg særleg for eit konsulentfirma som pryder seg på sin beskyttelse av klienten.

Hmm. Prosjekter som dokumentarfilmer, podcasts og bloggposts ein kan fylje underveis og sjekke etterpå. Crazy. Forhåpentlegvis vil gjere ein lengre utredning seinare om nettopp korleis eit konsulentselskap kan åpne seg meir og kvifor dei burde gjere det. 

Igjen: Tips meg gjerne om konsulentbaserte pengesluk. :)

Advertisements

Mikael og Nils mimrer om sukkerpop

8:30pm Mikael Tysvær
remember?

8:32pm Nils Norman Haukås
Wow. Nice. ^^
Var det ein radiohit? Eller frå ein anime?

8:33pm Mikael Tysvær
fra ein fest me va på me Colin

8:33pm Nils Norman Haukås
Haha, knall. Huske nå ^^

8:34pm Mikael Tysvær
altså den e jo bra!

8:34pm Nils Norman Haukås
Hehe
Den du linka til var nok bedre ja

8:35pm Mikael Tysvær
hallo, rollergirl har på et tidspunkt vært yndlingsangen min

8:36pm Nils Norman Haukås
Hehe ^^

Minne meg om dance dance revolution
Men den lucky lucky sangen er nais

8:41pm Mikael Tysvær
sjukt nice

8:42pm Nils Norman Haukås
Kan eg blogga denne utvekslingen? ^^

8:52pm Mikael Tysvær
haha
sure

 

Gode steampunk vibber på Virtual Reality verksted

Tidleg (relativt tidleg) ein søndag har ein gjeng i frå Spillmakerlauget samla seg ved  Østre – Hus for Lydkunst og Elektronisk Musikk. Andledningen er ein Virtual Reality workshop og eg var så heldig å få ein invitasjon til å kome litt tidleg for å få prøve utstyret, seinere på kvelden skulle det vere gratis for andre å komme å teste.

Folk sto høfleg å venta på tur. Eg blei ståande å snakke med spelutviklerar og folk som var meir entusiastar og venner av spelutviklerane (slik som eg). Eg poengterte at når me sto slik i kø for å teste denne teknologien, “dette nye,” så kunne eg ikkje unngå å tenkje tilbake, langt tilbake, til korleis det må ha vore når folk skulle teste telefonen som teknologi eller lys som kom av straum. “Får litt sånn Steampunk vibber. Tenke litt på den industrielle revolusjonen,” sa eg. Dei andre smilte og nikka med. Ein sa, “kanskje blir dette ein revolusjon?” Det har blitt forsøkt gong på gong å få lansert ein VR teknologi for massene. Kanskje går det bra denne gongen? Ein ting skal seiast er at teknologien er imponerande, og blir kontinuerlig forbetra. Ballen ligg no meir og meir hos utviklerane som ein utfordring til å kome opp med spel og programmer som tek denne teknologien i bruk på ein smart måte.

Teknologiene me fekk teste var Novint Falcon, Leap Motion og Oculus Rift. Sistnevnte var nok den mest imponerande av teknologiane og bestod av VR briller med forskjellig bilete på kvart auge, to kontrollere og hodetelefoner (dette var utviklerversjonen og sluttbrukerversjonen som kjem ut om eit år kjem til å sjå ein del meir sexy ut). Settingen i det virtuelle miljøet var ein italiensk vingård som me fekk rusle forsiktig rundt i. Eg seier rusle forsiktig fordi ein måtte passe seg litt for å ikkje bli sjøsjuk. Dragningen mot å leve seg heilt inn i opplevinga var så sterk at eg kjente eit sug om å ikkje hoppe frå ein balkong i den italienske vingården. Eg gjekk bort til peisen, plukka om ein kubbe som eg så stakk inn i peisen med den eine neven. Og eg følte neste at eg måtte passe meg for å ikkje skalle inn i vegen. Neste umerkeleg så kunne eg kjenne at beina mine var klar til å trå tilbake som for å ikkje krasje inn i veggen, denne kjensla måtte eg aktivt undertrykke. Det var særleg når eg gjekk i trappen (for å bevege seg så brukte ein spakene på håndkontrollerne) at beina mine sakna kjensla av å trakke bevisst på trinn. Eg kjente klart at kroppen min var i balanse-beredskap for å takle det å gå i trapp. Det gjekk bra. Eg blei ikkje sjøsjuk som nokon andre blei, berre veldig imponert over teknologien.

Så, er spørsmålet om ungane våre kjem til å bli så drevne i VR og tankestyring at me eldre ikkje vil makte å hengje med? Eller at VR blir så vanleg at folk vil bli sjøsjuke av å vere i røynda. Her er det viktig at me verken er tekno-optimister eller tekno-deterministar, men i staden er tekno-pragmatistar (leste nettopp ein fin utgreiing om nettopp dette). Å velje kva me vil bruke slik teknologi til vil vere opp til oss. Og viss me fortsetter å lære “kidsa koding” så vil teknologien forhåpentlegvis berre bli meir menneskeleg. (Ok, kall meg ein liten optimist likevel.)

Oculus Rift

Oculus Rift

Oculus Rift, her kunne ein sjå kva brukaren såg som var to litt forskjellige bilete på augene for å etablere ein dybdekjensle.

Oculus Rift, her kunne ein sjå kva brukaren såg som var to litt forskjellige bilete på augene for å etablere ein dybdekjensle.

Tilbehør til Oculus Rift.

Tilbehør til Oculus Rift.

Tenkte litt på at eg håndhilste på ein androide.

Tenkte litt på at eg håndhilste på ein androide.

Oculus Rift, her har VR teknologien blitt så bra at det var ein reel fare for at folk falt overrende eller skulle gjere noko anna overilt difor måtte nokon alltid stå å passe på.

Oculus Rift, her har VR teknologien blitt så bra at det var ein reel fare for at folk falt overrende eller skulle gjere noko anna overilt difor måtte nokon alltid stå å passe på.

Novint Falcon er ein type teknologi som spesialiserer seg på å gjengi ein taktil kjensle av å ta på ein overflate. Dette gjer den overraskande bra.

Novint Falcon er ein type teknologi som spesialiserer seg på å gjengi ein taktil kjensle av å ta på ein overflate. Dette gjer den overraskande bra.

Her fekk me teste leap motion.

Her fekk me teste Leap Motion, som kan kallast ein kinect på steroider. Asus har bla. tenkt å shippe sine laptopar med denne teknologien, ergo slutt på fettete touch skjermer.

Invitasjon til medlem frå Spillmakerlauget til å teste LookingForGroup

Hei kjære Spillmakerlaugsmedlem,

Kunne du tenkje deg å teste samarbeidsappen min LookingForGroup? :)

lfg banner bilete

Eg. Forsker på IT og samarbeid og som del av masteroppgåva mi så har eg lagd ein web app ved namn LookingForGroup. Denne app’en bruker bla. ein del spillmetaforar og litt gamification for å forsøkje å skape meir samarbeid i eit uformelt strukturert miljø.

Du. Lagar spel og er eit medlem av Spillmakarlauget, om du er eit perifert eller sentralt medlem intet problem.

Invitasjonen går ut på å settje seg ned i ei gruppe på minst tre personer, maks fem, frå Spillmakerlauget, gå igjennom nokon scenarioer der ein bruker LookingForGroup og snakke ut om tankane ein gjer seg om produktet. Det vil bli tatt opp lyd, og det transkriberte resultatet kjem til å vere anonymt.

Hele gruppeintervjuet tek maks 1time. 

Tid og stad. Ein ettermiddag i løpet av neste veke, altså mellom 15 – 19 April. Eg foreslår å ta det på måndag 15. April kl 16, og så får me sjå kor mange det kan passe for. Staden vil vere institutt for Informasjon og Medievitskap som ligg i sjette etasje på SV-fakultetet til UiB. Google maps.

Send meg gjerne ein melding om du kunne tenkje deg å vere med, på Facebook, Twitter eller mail: nils@thunki.com Edit: Nå er det komt opp ein Doodle for samkjøring av kalender, gå inn på denne Doddle’n for å krysse av for kva dagar du kan og så vil den dagen der flest kan bli valgt når det nærmer seg. :)

App’en LookingForGroup finn du her. Min deadline for masterinnlevering nærmer seg med stormskritt og eg hadde satt utruleg pris på om du hjalp meg. :)

Vennleg helsing,
Nils Norman Haukås