Den dekadente ytringsfrihetsøvelsen

Fjordmann fekk 75 000 kr til å skrive bok. Det skapte reaksjonar sjølvsagt, bla. i form av denne tweeten. Som eg tenkte eg skulle reagere på med litt fleire teikn enn 14o.

Det er noe dekadent over den norske ytringsfrihetsøvelsen. Hvor lenge gi støtte til ekstremister for å bevise hvor liberal en selv er? ~ Link til tweet.

Det er vanskeleg å kritisere ytringsfriheten, men denne tweeten forsøkjer i alle fall å problematisere vårt forhold til den. Lilla Sølhusvik  hinter her til at Norge deltar i ei ytringsfrihetsøvelse, ein stad mellom ei øving og ein eksersis. Vidare er øvinga visstnok dekadent, som om det er ein luksus som berre oss  rike, naive, sjølv-realiserande nordmenn kan ta oss råd til “i ein tid der me er omringa av ekstremisme.” Og så kan eg problematisere vidare og vidare i eit forsøk på å nyansere djupare og djupare. Men eg ville berre slengje inn nokre tankar.

La oss ha eit offentleg ordskifte der folk slepp til, også stemmene som me ikkje liker. Så, får det vere vårt ansvar å delta i samfunnet. Alle kan alltids slengje inn ein søknad til Fritt ord om dei ynskjer det. Det eg saknar i det offentlege ordskiftet er sterke ord som taler for dei moderate kreftene i samfunnet, ikkje ord som taler for passivitet og inaktivitet, men ord som omgår polarisering og aktiviserer.

Dersom Fjordmann vil meine noko, så burde det vere ein oppfordring for mange av oss andre ta til orde for å meine noko. Også oss som kanskje ikkje har så sterke meiningar. Dette dekadente eksperimentet kan også sjåast på som eit fungerande samfunn der alle burde meine noko om retninga den utvikler seg. Diskutere, krangle, slå ring om, tørre å vere uenige, bli einige, handle. Ord under trykk er farlegare.

Til slutt, ville berre tipse om eit foredrag som taler for eit samfunn som legger opp til meir deltaking frå samfunnsborgere.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s