Entreprenørskap og LOTR, ein draum

Desert. A bird standing atop a stone.

Desert. Copyright by Moyan Brenn

Drømte at eg var med ein gjeng av forretningsfolk. Alle lo og skrålte medan dei delte triks for å kunne sno seg unna skatten.  Det var snakk om å kunne bruke inntektstapet i eit underfirma for å slippe unna skatt eller noko liknande. Ikkje heilt logisk noko av det.

Ein fyr i gjengen var ein mentor, ein meir sympatisk type. Me blei ståande å snakka etter at gjengen med forretningsfolk hadde tatt vegen heim. Forretningsfolkene hadde ropt at dersom firmaet mitt hadde noko som kunne hjelpe dei økonomisk så måtte eg ta kontakt med dei.

Så, då blei me ståande eg og denne mentoren. Eg fortalde han ganske enkelt at eg ville starte eit IT konsulent firma, og det var han positiv til. Gestikulerte positivt og smilte sympatisk. Så, fortsatte eg med å fortelje korleis eg ville skilje meg frå mengden av andre konsulentselskaper. Då fekk han ein meir alvorleg mine og høyrde godt etter. Ideen var god.

Deretter drøymde eg om eit Lord of the Rings inspirert bryllup. Etter innspillingen av siste filmen så hadde ein fått lånt ringar og fått hjelp frå alle statistane til å få lagd eit bryllup ved eit vertshus. Det var latter og sang, medan eg fulgte statistane gjennom brosteinsbyen med snirkelgater. Folk var kledd i skikkelege middelalderklær. Eit par gutar kom forbi meg med armbrøster og eg var lettet over å sjå at dei ikkje var ladd.

Vel framme ved vertshuset så var dei store tredørene til huset stengt. På plassen utanfor var det eit stort tre som gav skygge, benker var satt opp og dekket på. Men me visste at bruden ikkje hadde fått vite at det skulle komme så mange fleire til brylluppet. Vår store forsamling trengte ikkje stå lengje før tredørene gled opp. Der stod ein sjokkert brud, overrasket med hånden halvt over munnen. Bruden rakk såvidt å vere storøygd før ho falt framover. Det gjekk bra heldigvis. Ho var rørt. Etter at ho hadde fått komt seg opp så var det på tide med eit lite show. Brurefølget hadde forberedt ein filmatisk oppvisning der dei leste linjer frå eit manus foran mikrofon. Så, våknet eg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s