Draum: Havanna Bergen

festplassen-azur

Copyright: James Collins CC-BY-NC

Eg drøymde eg var i ein spansk versjon av Bergen, eller noko slikt. Eg hadde ikkje klart  sove. Klokka var seks og eg gjekk ut i byen. Det var som om heile byen var badet i eit skjær av azurblå, og eg heile vegen kunne lukte knusktørr sand.

På festplassen satte eg med ned ved vatnet, på ein klassisk kontorpult med ein pc på. Eg skulle berre sjekke noko kjapt. Ei venninne står litt bortenfor og ropar lattermildt etter meg, “eg lurar på. Sover du aldri?” Eg svarar ikkje på det, men eg smilar, går frå kontorbordet og kjem bort til ho. Ho står med to ungar, som ho er ute på tur med. Me tek eit bilete saman med speilrefleksen hennar. Så, går eg vidare.

Eg ruslar bak musea ved festplassen. Stemninga er framleis azurblått, knusktørr og latinamerikansk på eit vis. Det er vegarbeid bak musea. Og i tillegg er det to flaskepanterar. Begge fisker fram den eine alkoholflasken etter den andre, bacardi, vodka osv. Nokon drikk dei restene av. Eg ruslar forbi utan å gjere særleg uttav meg. Vil helst ikkje ha bråk. Eg går mellom musea og har tenkt meg på forsida, men så får eg det for meg at no har eg gått for langt og hamna i eit kriminelt nabolag. Eg høyrer stemmen rundt svingen, og for å unngå å vere i eit område eg ikkje burde vere så snur eg. Bak meg fisker den eine flaskesamlaren flasker medan den andre har stilt seg opp for å pisse. Eg vil berre forbi, medan eg held litt avstand. Han som pisser snur seg og forsøkjer å pisse etter meg medan han gjer eit grimase. Stråla klarar eg å unngå sånn akkurat, men det bekymrer meg litt om det likevel klarte å skvette på meg. Eg berre går, og tenkjer at det var lite eg kunne gjere der. Han var virka både høg og sterk. Dessutan kven vil gå til angrep på ein som pissar, det må vere å be om bråk.

Etter å ha gått eit stykke og følt meg litt ekkel så ser eg ei anna venninne litt lengre ned i veien. Me ser framleis ut til å vere bak musea ved Festplassen. Rundt oss er vegarbeid utan arbeidarar ein tidleg morgon. Eg har ikkje sett ho på lengje. Og der står ho i ein sekretæruniform av grått, kvitt og svart. Me deler vennskapelige ord.

Eg setter meg ned i eit rustent nabolag og ser på tre eldre herrer som speler basket. Alle er kvite i håret men visstnok ikkje så spinkle, medan han eine ikkje har ballen så gjer han ein handstand med overgang til liggende før han til slutt sparker seg elegant opp i ståande. Eg er imponert og smiler der eg sit. Ein annan eldre person ved siden av meg smiler på mine vegne. Det slår meg at han vil vel forsøkje å snakke spansk til meg, eg som knapt skjønar spansk. Eg får rett i min intuisjon og han set i gong med fleire setningar, og eg lyttar attentivt. “Lo siento. Soy habla nur un poco espaniol.” Nur, eg hadde brukt nur i setningen og dermed blandet inn det tyske ordet for “bare” husker eg. Den gamle mannen virket glad for at eg i det heile tatt forsøkte og ville lære meg litt spansk. Han byrjer å telje “one, dos, tres. One, two, three.” Det siste på litt gebrokkent. Eg fortsett, “one, dos, tres, quatro, cinco, seis, siete, ocho, nueve.” På ti må eg stoppe, eg er for usikker på om det er ‘doce eller dice.’ Det virker ikkje som om å ha vore så viktig den gamle mannen er meir enn oppglødd. Me smiler.

Rundt oss har omgjevnadane forandret seg, me er inne i ein sliten bar. Lyst opp i varme gule solskinnsfargar frå utsiden. Det er noke få sjelar i baren som driv med sitt. Eg sit med den gamle mannen eg har snakka forsøksvis spansk med. Det er ein barddisk, 3-4 runde trebord og eit knippe dårlege stolar. Møblemanget er mørkebrunt. Inn døren kjem venninna mi i den forretningsmessige sekretær outfiten. Me kjenner kvarandre igjen med ein gong, men eg tenkjer det hadde blitt litt for mykje å storme over rommet slik ein sliten morgon så eg ventar heller med bordet der eg sit. Venninna mi går bort til ein dresskledd ung voksen mann sittjande ganske nært meg, og snakkar engelsk til han medan ho gløttar litt på meg som for å fortelje meg at ho har sett meg. I mellomtida ser eg meg litt rundt i baren, ser på bartenderen med det grå håret som pussar glass, er i lokalet. Så, snur eg meg til den dresskledde og vil introdusere meg. Alt, eg får er eit uttryksløst blikk frå eit glattbarbert hode. Eg har hånden utstrakt og eg veit at han har forstått engelsken min .

Faktisk så tenkte eg i draumen at eg ikkje vanlegvis hadde vore så konfronterande, men sidan dette er ein draum så får eg la det stå til. Ny erfaring.

Eg stirrar tilbake. Lar augo kvile. Tenkjer at no kjem kanskje dette til å eskalere. Venninna mi ser ut til å ville desarmere, men det er for seint. Dressfyren roper noko eg ikkje får med meg, reiser seg og går i meg samtidig som han trekker ein gullforgylt pistol med sin høgre. Eg rekk å få ein viss kontroll over pistolarmen hans, han får i alle fall ikkje skutt. Ståande, så er han høgare enn meg. Eg får vridd pistolen uttav handa hans og sparket den vekk. Han er i ubalanse og med mitt lave tyngdepunkt får eg kastet han i hjørnet av baren. Eg tenkjer at no vil eg roe det ned. Han trekker ein gullforgylt kraftig kniv holder godt rundt skaftet, og eg tenkjer at med den kan han stikke djupt og gjere ein del skade. Men her må det gjerast noko. Eg fintar meg såvidt innpå han og må hoppe tilbake for å ikkje bli truffet av nokre febrilske sveip. Til slutt blir han nok desperat og går inn for eit djupt hogg. Der. Han kastet seg forover, eg flytter meg forbi hans høgre der han kjem med kniven samtidig som eg slår så hardt eg kan med underarmen i ein bue som treff nakken hans med mål om å gjere han litt meir medgjørleg. Rett etter byrjer eg å vri knivarmen hans rundt og bak, han vrir seg, det virker uvant på han, eg guider han mot gulvelt og låser hendene hans bak ryggen hans med knærne mine. Kniven tek eg og dundrer inn i veggen til det står med heile knivbladet i veggen. Eg reiser meg og gjer teikn til at han bør reise seg så me kan sloss. Han reiser seg forsiktig, og forsøkjer å gå sidelengs mot baren. Bareigaren ser morskt på han som for å fortelje at han får ikkje lov til å hente våpenet i baren. Då veljer han veljer i staden å karre seg ut. Så, hugsar eg ikkje om eg snakka med dei andre i baren eller med mi venninne. Etter litt tid kjem den dresskledde stormande inn i baren med eit automatvåpen, Han står i enden av baren, og eg i den andre, eg hoppar ned bak barenden før han byrjer å fyre slik at treet splintrer. Eg hugsar ikkje nøyaktig kva som skjer no, men eg meiner eg måtte drepe både han og kompanjongen hans.

End of dream.

 

 

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s