Kvite busser til Guantanamo?

White buses lined up

Copyright Valerie Everett CC-BY-SA

På veg heim med mine venner ein sein kveld.

Eg fortalde dei om ein reise eg hadde til Polen i åttende klasse i regi av Hvite Busser. Eg fortalde om ei saltgruve i Krakow der me var nøydde til å gå lange trapper ned, til me var på bunnen og kunne skue ei praktfull kirke skåret ut av saltet. Guiden vår som sa at ein tente to år på kvart besøk her ned kunne med glede meddele at han var 483 år gammal, eller noko slikt.

Vennene mine viste kor denne samtalen bar. Poenget med dei kvite bussene er at 8. klasser skal få reise ned til Polen og få sjå konsentrasjonsleirene. Eg hugsar leiren, og eg hugsar orda til tidsvitnet. Det var bla. eit stort uteområde for testing av sko der folk gjekk i ring over ulikt underlag heile dagen for å sjå korleis ulike skotyper blei slitt ut. Ein var særs uheldig dersom ein fekk utdelt eit skopar i feil størrelse. Eg rundet historien av med å fortelje om det å stå i ein stor utedo med lange rader med hull til å gjere sitt fornødne, skulder til skulder.

Eg trengte ikkje å nevne forbrenningsovnane, dusjane, lageret av hår, lampeskjermen av menneskehud. Me var berre på veg heim frå ein fest så eg ville ikkje dra det ut.  Kvelden var tross alt så fin. Bergensnatten var varm mot huden og vinden lekte i håret.

Dagen derpå slo ein tanke meg.

Vil det kjøre kvite busser med skoleklasser og tidsvitner til Guantanamo i framtiden?

Å halde på fangar utan dom. Gjerne med tortur. Dei manglar berre ovnane.

Eller var eg urimeleg no?

Med klima på tanken(e), eit svar til Jarle.

Etter eg las innlegget til Jarle, så tenkte eg berre at eg skulle spinne litt vidare på denne problemstillinga med å få fleire mennesker til å bidra for eit betre miljø. Det er teikn på at me er på veg i riktig retning. Dei siste vekene så har Miljøpartiet dei grønne fått særs gode prognoser inn mot valget (krysser fingrane).  Eg tenkjer det kanskje ikkje er så rart sidan stortingskandidaten deira for Oslo Rasmus Hansson er så god til å snakke for seg. Oppfordrer sterkt til å ta ein titt på NRK Debatten 06.06.13. På debatten så satt Hansson i publikum og sa rett ut at Norge er nøydd til å tenkje på korleis me skal slutte med olje om 20 år.

Tanken om eit oljelaust Norge fekk i alle fall meg til å sperre augene opp fordi det er ikkje business as usual (prat godt for deg og nyt fire nye år som politikar). Her snakker me omveltning fordi me uredd tørr å stirre på den samfunnsmessige endringen me er nødd til å gjere. I framtida må leve på andre ting enn olje. Og kanskje må me tåle å ha ein enklare livsstil.

Her vil eg berre dele eit par snutter og trekke noken tanker til slutt.

Miljøutfordringen

Videoen synleggjer ein nærast håplaust fastlåst situasjon mellom landa som skal bli einige om kven som skal gripe inn for å redde miljøet fyrst. Debatten om å trappe ned oljeutvinning er ein debatt som pågår i alle land takka vere miljøforkjemperar. For kvart land som får fremgang for miljøspørsmål gjer det lettare for miljøbevegelser i andre land.

Menneskeutfordringen

Eg har lenka til denne videoen i eit tidlegare innlegg, her kjem det igjen og det er berre fordi eg er så imponert over den innsikten som presentøren Dave Meslin klarer å få opp på banen i det korte tidsrommet.

My main message is, if we can redefine apathy, not as some kind of internal syndrome, but as a complex web of cultural barriers that reinforces disengagement, and if we can clearly define, we can clearly identify, what those obstacles are, and then if we can work together collectively to dismantle those obstacles, then anything is possible. ~ Dave Meslin

Meslin har mykje rett tenkjer eg når han hevder at våre populære filmer lærer oss opp til å tru at ingen av oss har det i oss til å bli helter dersom me ikkje har fått risset inn eit profetisk merke i pannen på forhånd. I følge Meslin er politisk endring er ein flytende, uryddig prosess uten ein definerbar start eller slutt. Ein må berre byrje ein plass, og slå ring rundt dei som forsøkjer å få noko til å skje. Derfor bør ein ikkje vike i frå politiske spørsmål fordi nokon ikkje har utpeikt deg til forskjemper, og derfor bør ein akseptere at samfunnsendringen ikkje vil gå pent og pynteleg for seg.

Husk at du kan forhåndsstemme på Stortingsvalget! Det koster lite, og det har masse å sei. Faktisk.

Folk som tar til ordet [Videoer]

“Med talen i sin makt er vegen til rikdom lagt.” Eg kom på i dag at eg ville gjerne dele nokre eksempeler på offentleg tale. Tok eit retorikkfag for ein tid tilbake og eg må sei eg liker framføringer og taler der folk tar til ordet.

Denne fyrste filmen er riktignok ikkje ein tale, men her forsøkjer programlederen gang på gang å settje fast advokat Ted Olson som skulle kjempe for retten til å gifte seg. Programlederen har til slutt ikkje så mykje han skulle ha sagt.

Ein herleg indignert tale som blei tatt opp nyleg der politiker Clare Daly gir irlands statsminister ein behørig utfordring på hans underkastelse for Obama. Statsministeren får så hatten passer, og han har til slutt ingenting å komma med.

Ein person frå consumer watchdogs hadde kjøpt ein aksje og stakk innom ein google aksjonær konferanse for å snakke. Ikkje like sterk som den ovenfor, men det å ta til ordet i ein slik forsamling på ein slik måte er imponerande.

Er ikkje så stor fan av Barack Obama lenger, men her gjer han eit kunststykke i å argumentere for krig etter å nettopp ha mottatt nobels fredspris.

Siste tale er nok ein fredspristale denne gong av Tawakkol Karman, fredsprismottaker for hennes arbeid for fremming av kvinners menneskerettigheter, den fyrste muslimske nobelsprisvinneren etter nobelsprisens opprinnelse i 1901.