Entreprenørskap og LOTR, ein draum

Desert. A bird standing atop a stone.

Desert. Copyright by Moyan Brenn

Drømte at eg var med ein gjeng av forretningsfolk. Alle lo og skrålte medan dei delte triks for å kunne sno seg unna skatten.  Det var snakk om å kunne bruke inntektstapet i eit underfirma for å slippe unna skatt eller noko liknande. Ikkje heilt logisk noko av det.

Ein fyr i gjengen var ein mentor, ein meir sympatisk type. Me blei ståande å snakka etter at gjengen med forretningsfolk hadde tatt vegen heim. Forretningsfolkene hadde ropt at dersom firmaet mitt hadde noko som kunne hjelpe dei økonomisk så måtte eg ta kontakt med dei.

Så, då blei me ståande eg og denne mentoren. Eg fortalde han ganske enkelt at eg ville starte eit IT konsulent firma, og det var han positiv til. Gestikulerte positivt og smilte sympatisk. Så, fortsatte eg med å fortelje korleis eg ville skilje meg frå mengden av andre konsulentselskaper. Då fekk han ein meir alvorleg mine og høyrde godt etter. Ideen var god.

Deretter drøymde eg om eit Lord of the Rings inspirert bryllup. Etter innspillingen av siste filmen så hadde ein fått lånt ringar og fått hjelp frå alle statistane til å få lagd eit bryllup ved eit vertshus. Det var latter og sang, medan eg fulgte statistane gjennom brosteinsbyen med snirkelgater. Folk var kledd i skikkelege middelalderklær. Eit par gutar kom forbi meg med armbrøster og eg var lettet over å sjå at dei ikkje var ladd.

Vel framme ved vertshuset så var dei store tredørene til huset stengt. På plassen utanfor var det eit stort tre som gav skygge, benker var satt opp og dekket på. Men me visste at bruden ikkje hadde fått vite at det skulle komme så mange fleire til brylluppet. Vår store forsamling trengte ikkje stå lengje før tredørene gled opp. Der stod ein sjokkert brud, overrasket med hånden halvt over munnen. Bruden rakk såvidt å vere storøygd før ho falt framover. Det gjekk bra heldigvis. Ho var rørt. Etter at ho hadde fått komt seg opp så var det på tide med eit lite show. Brurefølget hadde forberedt ein filmatisk oppvisning der dei leste linjer frå eit manus foran mikrofon. Så, våknet eg.

Advertisements

Konsulentrefleksjonar og statleg pengebruk

Norge bruker penger på konsulenter, og til tider ein god del. Her vil eg berre raske saman nokre lenker og litt tankar.

“Konsulent eller rådgiver er en tjenesteyter som i en profesjonell ramme tilbyr sin ekspertise innenfor et visst fagfelt (for eksempel IT, økonomi, teknologi, kommunikasjon, bygg, anlegg og jus), vanligvis i et begrenset tidsrom.” (Skamlaust saksa frå Wikipedia.)

Konsulentverksemda ligg ikkje så nært på kroppen for folk flest. Det er som regel kun store institusjonane, store bedrifter, som har råd rett og slett til å hyre inn konsulentar. For det blir fort dyrt.

  1. Ahus brukte 3,7 mill. – vet ikke hva de kjøpte.
  2. Visstnok var det ein som snekra saman ein liknande løysing på nokre kveldar.
  3. No har Ahus engasjert konsulentselskapet PwC for å finne ut korleis dette kunne skje. 

Her er ein frå transportsektoren.

  1. Vegvesenet brukte mer på konsulenter enn på asfalt.
  2. Kan hende dei hyrer inn konsulenter for å finne ut om Jerbaneverket og statens vegvesen driv effektivt?

Ein frå kommunesektoren.

  1. EDBs økonomisystem gir mareritt
  2. Slaktes etter Evry-kjøp

Ein klassiker: Innføringen av Flexus, eit elektronisk billettsystem i Oslo. Fyrste forsøk 1984 – 1996, etter ein rekke problem blei leverandøravtalen sagt opp. Det neste forsøket blei satt i gang i 2000, og etter kostnader på 600 millionar for det nye systemet kom det til slutt ut av prøveperioden i 2011. Det blei også tid til ein politisk oppvask, men politikerane Peter N. Myhre og Michael Tetzschner hadde begge forsvunnet til andre verv (og derfor utenfor kritikk?). Vidare kan ein lese at i 2012 ville fleire firma gi opp Flexus til fordel for eigne kort.  Nokre månader etter kunne ein lese at opp til fleire prosjekt på å lage billettapplikasjonar hadde blitt satt i gang. Så får ein sjå. Skepsis til tross, eg synes forresten både billettapp’en til både Skyss og til Kystbussen er ganske greie. Her er forresten ei lita humorperle om nettopp Flexus, berre sånn for å lette litt på humøret.

Tips meg gjerne om konsulentbaserte pengesluk. :)

Konsulentprosjektet som dokumentar 

“Whether it’ll be a spectacular failure or a roaring success you’ll be along for the ride” (Tim Schafer). Dette var orda Schafer ytra idet han pitcha spillprosjektet sitt som eit Kickstarter prosjekt. Fansen skulle få vere med på prosessen. Det slo an, og dei klarte å skaffe tre millionar dollar. Å åpne utviklingsprosessen slik for fansen, som du kan sjå her er framleis ganske uhørt for mange firma. Og truleg særleg for eit konsulentfirma som pryder seg på sin beskyttelse av klienten.

Hmm. Prosjekter som dokumentarfilmer, podcasts og bloggposts ein kan fylje underveis og sjekke etterpå. Crazy. Forhåpentlegvis vil gjere ein lengre utredning seinare om nettopp korleis eit konsulentselskap kan åpne seg meir og kvifor dei burde gjere det. 

Igjen: Tips meg gjerne om konsulentbaserte pengesluk. :)