Ein vellykka fagkritisk dag – Informasjonsvitenskap 2013

Puh! Der var me i mål! I år hadde me ikkje berre eitt, men to fagkritiske dagar. Ambisiøst. Takka vere god hjelp i frå fagutvalget samt økonomisk stønad i frå instituttet vårt så fekk me gjennomført to flotte arrangement. *Stolt fagutvalgsleiar*

Her vil eg berre gjere ein kort oppsummering (den blei lengre enn eg trudde). Eg tok ein del bilete, men dei blei litt vel grovkorna i det beskjedne lyset. Håper ein likevel kan sjå at det kom ein del folk. :) Tal på oppmøtte var særs positivt både hos Mevi og Info, med henholdsvis ca 60 og ca 45 oppmøtte.

Slik var programmet for Info

  1. Fått nok av Java sin ‘public static void main’? Ta ein turbotitt innom 10 programmeringsspråk på 1 time ved Bjarte Johansen og Eivind Jahren
  2. Informasjonsviteren goes konsulent: presentasjon av Regine Sagstad Berg
  3. Interaksjonsdesign som karriereveg: Informasjon og inspirasjon ved Tone Nordbø
  4. «Framtidens tomme forelesninger?» Debatt med DigUib: Jill Walker Rettberg (Professor i digital kultur), Siri Knapskog (DigUib, Studentparlamentet) og Frode Guribye (Førsteamanuensis ved InfoMedia)

2013-03-07 10.27.58 2013-03-07 10.38.49

Ti programmeringsspråk, 1 time. Fyrste forelesning var ved Bjarte Johansen og Eivind Jahren med eit gjesteinnslag av meg. Når eg tok kontakt med dei for ei tid tilbake så tok dei det på strak arm og gav ein 5min presentasjon av i alt ni språk: Go, Clojure, Haskell, Prolog, Agda, Javascript, Coffeescript, Python og Bash.

Her er forresten det fulle coffeescript eksempelet mitt, som ein github gist. Eivind har forresten også sendt meg sine slides: Haskell slidesProlog slides, Agda-Slides. Resten av språkene finn du i Bjarte sine slides. :)

2013-03-07 11.22.40 2013-03-07 11.23.28

Informasjonsviteren goes konsulent ved Regine Sagstad Berg @reginesagstad. Eg tenkjer at mange av tilskoderane vil vere einige med meg om at Regine gav ein god og viktig presentasjon av korleis overgangen til arbeidslivet fortoner seg for nokon som ynskjer å jobbe med interaksjonsdesign. Eg fekk tilsendt presentasjonen hennar i etterkant så eg skal ikkje forsøkje å hugse alt hos sa, men noko eg beit meg merke i presentasjonen var verdien av det å vere trent opp i det å kunne vere analytisk, skrive lengre rapportar og vite tidleg i studiet ditt kva for yrke du ynskjer å sikte deg inn mot. [pdf] Regine Sagstad – Fra student til konsulent

2013-03-07 12.29.18

I tillegg til å gje verdiful innsikt arbeidsdagen for ein interaksjonsdesigner så gav Tone Nordbø også uttrykk for si kjærleik til post-it. Eit viktig verktyg.

Interaksjonsdesign som karriereveg: Informasjon og inspirasjon ved Tone Nordbø @tonenordbo. Selv om både Regine og Tone jobber som interaksjonsdesignere så leverte dei presentasjonar som komplementerte kvarandre godt. Tone skildra meir av arbeidsdagen som interaksjonsdesignar, med fokus på interaksjonsdesignprosessen. Her er nokre tips i frå forelesningen hennar:

  • Mange interaksjonsdesignjobbar blir ikkje averterte gjennom dei vanlege kanalane. Ofte bør ein fylgje med på Twitter og firmaene sine eigne bloggar.
  • Kom med gode kommentarar. Ein kan fort gjere seg synleg som interaksjonsdesignar dersom ein er inne og gjer gode kommentarar på firmaene sine bloggar.
  • Portefølje gir pluss. Både Regine og Tone peikte på fordelen ved å ha ein fin presentasjon av tidlegare arbeid på nett.
  • Lær informasjonsarkitektur. Både Regine og Tone påpeikte at folk som søkjer seg jobb som interaksjonsdesignerar bør vere forberedt på å bli testa i informasjonsarkitektur som er emna til å organisere informasjon på hensiktsmessig vis.
  • IXDA er ein forening for interaksjonsdesignerar og Tone oppmoda folk i salen til å søkje opp IXDA Bergen, ei gruppe som forsøkjer å starte opp no. @IXDA_Bergen
2013-03-07 13.59.47

Eit kornete bilete av ein god debatt. :) Frå venstre møt høgre: Nils Norman Haukås, Frode Guribye, Jill Walker Rettberg og Siri Knapskog

Debatt: DigUiB, framtidens tomme forelesninger? Fyrst må eg beklage at debatten ikkje blei streama, då kunne eg berre ha linka til det som endte opp med å bli ein fin debatt ikring Universitetet i Bergen sin digitale framtid, ein aktuell debatt sidan det er rektorvalg og mykje fokus har blitt retta mot digitaliseringen av UiB. Eit digitaliseringsfokus som også har møtt motbør. Som debattleder så forsøkte eg å lande på ein vennskapelig uenighet mellom debattantane. Målet var å forsøkje å få fram eit nyansert bilete av DigUiB for så å la publikum gjere seg opp ei meining. Her kjem nokre kulepunkt, kan synast at folk var veldig einige men det var definitivt eit kritisk blikk om kva ein faktisk bør prøve eller ikkje prøve å få til med digitaliseringen. Saksopplysning DigUiB sitt hovudfokus er digitalisering av pensum, digital eksamen og podcasting/streaming av forelesninger. Og det var særleg det siste punktet me ville fokusere på i denne omgangen.

  • På 80-tallet meinte nokre at pcen ville kome til å “sprengje” klasserommet. Tretti år seinare så kan ein sjå at det ikkje har skjedd og difor er det grunn til å tru at digitaliseringa ikkje kjem til å gå den klassiske forelesningen til livs (Guribye). Vidare sa Frode at mange vil kanskje at dialogen er det mest lærerike, men dersom du har ein bedrift på over tusen ansatte så må ein tenkje effektiv distribuering og då er digitalisering med ein gong aktuelt igjen.
  • I Florida blei eit Universitet nøydde til å gjere 40% av undervisningen digital sidan det var for mange studentar. Etter ein grundig evaluering av læringsverdi og karakterresultat kunne Universitetet peike på ein sterk tendens mot at studentar som benytta seg av det digiale tilbodet skora høgare enn dei som hadde klassiske undervisningen (Rettberg).
  • Siri Knapskog fortalde om eit eksempel i frå Berlin der bachelorstudenter blir kasta ganske rett ut i det. Bachelorstudentane blir stilt overfor ei tilsynelatande umogleg problemstilling og blir utfordra til å kritisk søkje opp kjelder sjølv og levere eit sjølvsstendig arbeid. Kvar student fekk tid med ein veiledar, der veiledaren gjorde sitt beste for å provosere og utfordre studenten gjennom spørsmål og peike studenten mot potensielt gode kjelder.
  • Eg stillte spørsmål med korvidt ein kunne sjå for seg ein modell der studentar såg forelesningar heime og kom på skulen for rein fagleg diskusjon. Panelistane såg for seg at dette kunne vere mogleg. Rettberg nevnte at denne undervisningsformen er kalla flipped classroom.
  • Frå salen kom det eit poeng om at dersom det er krav om å ha satt seg inn i pensum i forkant av ein forelesning så kan det pensumet vere på mange ulike format inkludert video. Debattantane argumenterte ikring det at ein då må i starten av eit fag seie klart i frå om at faget krev høg deltaking og at ein verkeleg må kjenne pensum i forkant av forelesningen.
  • Eg skaut inn mot slutten at det kan vere ein fordel å ha forelesningar på nett grunna fleksibiliteten det vil gje foreleserar til å ta forskingsfri samstundes som studentar framleis kan bli tilbudt det faget. Det blei sagt at ein bør også sjå den nasjonale og internasjonale konteksten der offentleg finansiert kunnskap bør vere tilgjengeleg for flest mogleg folk.
  • Til slutt blei alle stillt spørsmålet om ein kom til å sjå tomme forelesningar i framtida og det var det ingen som trudde. Verdien av å vere i ein god forelesning med ein forelesar som formidler ein entusiasme er framleis uvurderlig.
Advertisements

Masterliv: Har Facebook devaluert ordet ven?

Greek portal


Kan kanskje driste meg til å sei at forelesningsdiskusjonen blei litt sokratisk? :)
CC-attibution: Phil Hollman (flikr.com)

I går hadde eg sjansen til å vere forelesar i faget interaksjonsdesign i samarbeid med Regine. Me kjørte to kjappe introduksjonar i henholdsvis kognitive aspekter og sosial interaksjon. Deretter gjekk me raskt over i å dele dei om lag tjue oppmøtte inn i grupper der dei fekk diskutere seg imellom, før me så tok gruppene sine synspunkt opp i plenum. Det blei nokre flotte meiningsutvekslingar der nokre synspunkt eller tankar gjorde seg gjeldande:

  • Me starta med å snakka om distraksjonar i kvardagen, der gruppene klarte å liste mange kjelder til distraksjon. Med slik innsikt i kva som distraerer oss kvifor let me oss herja slik med? Nyare forsking viser til at me tunge multi-taskerar ikkje multi-tasker fordi dei er særleg flinke til å halde fleire baller i lufta, men at det derimot heng meir saman med at dei er hekta på distraksjon og ute av stand til å stengje denne inputen ute (kjelde:forsking.no).
  • Vidare ikring temaet distraksjon så var det noken som forklarte at, “eg som regel blir distraert av mykje rundt meg, viss ikkje det er snakk om at arbeidet er så engasjerande at det i seg sjølv blir ein distraksjon.” Eit veldig interessant synspunkt i frå salen må eg sei, som får meg til å tenkje på potensialet i spill og spillmekanikk for forbetring av arbeidsplassen. “Dette handler om flow det du nemner der,” tenkte eg (og sa i frå om). :)
  • “Har Facebook tømt omgrepet “venn” for meining?” Dette er eit interessant spørsmål for ein kan stille seg spørsmålet om kva skilnaden er mellom ein ven-ven og ein facebook-ven. For meg er vener folk eg stoler på, gode vener er folk eg kan sittje på kafé med (når eg har tid) og endeleg så har ein Facebook vener som ofte er meir bekjente.
  • Dersom eit interaktivt produkt som Facebook tilsynelatande kan devaluere omgrepet venn, så burde ein også kunne lage interaktive løysingar i stand til å forsterke det vennskap og ordet i seg sjølv. Til dette formålet nevnte eg applikasjonen Path, som frå starten av hadde ei begrensning på 50 vener og seinare har dei auka dette om lag hundre trur eg. Med dette er me ved kjernen i interaksjons design, nettopp det å kunne forme samhandlinga mellom brukerar. Kva om Facebook ikkje hadde hatt ein like-knapp, inkluderte ein not-like-knapp, nytta fyljar i staden for ven eller sat ein begrensning på 50 vener?
  • Spøkefulle tunger skal ha det til at interaksjonsdesign for det meste koker ned til “touchy feely,” men det har faktisk mykje å sei for dei liva me lev og det samfunnet me er på veg mot. Everything is amazing and nobody is happy.

Dett var dett. :)

Avspenningstimar hos SIB, o lykke! :)

ImageEttermiddag på lesesalen. I morgen skal eg ha ein framføring av ein facebook applikasjon, før eg så har ei veke på å få ferdigstilt ein rapport på 15s. Heldigvis har eg tre andre flinke folk med meg i dette arbeidet, og eg har (framleis) roen mykje takka være desse avspenningstimane til SIB. Onsdagar 15 – 16, gratis drop-in.

For ikkje så lengje siden intervjua studentradioen Marianne, forkjemparen for dette tilbodet. Intervjuet kan du høyre her. 

Slik. Du er no tipsa.

Gler meg til å bli flinkare på å stresse ned. Det er gjennom å vere nedstressa og tilfreds at ein faktisk får gjort noko.

Bonus-tips:

Løsningsforslag: Veit du kor mange informasjonskonsulentar som jobbar på UiB?

Medan eg sit å lyttar til mjuke tonar i frå NRK klassisk, så slår ein tanke meg: Kor mange informasjonskonsulentar jobbar på UiB? Kor mange utvalg, utredningar, kommisjonar, styrer, møtearenaer og fora finnes det på Universitetet i Bergen? Som infovitar så må eg spørje meg sjølv, og deg kjære lesar, om tingenes tilstand er gode nok. Eg kjem i alle fall med eit infovitar-basert løysingsforslag i denne artikkelen.

Universitetshagen utenfor Universitetsmuseumet i Bergen

CC-BY: *JRFoto* (flikr user)

Universitetshagen er eit passande bilde å ta utgangspunktet i, nettopp fordi eg trur det er ein salig flora av utvalg, kommisjonar og styre som bomstrar rundt om kvarandre på UiB. Men skjer det nok informasjonsutveksling, krysspollinering på kryss og tvers av linjene? Vidare kan me undre oss om me har oversikt over denne floraen, veit om alle blomane og korleis økosystemet er skrudd saman, eller ser me berre skogen for trær.

Eit problem ein kan løyse med semantic web data

“Very often, organizations will put in place mechanisms that stand outside of work– such as creating the position of “information officer”— in order to ensure that information does flow. However, operating that mechanism is a job of work itself, and how somebody does that job is crucial for the nature and quality of the information” (Button and Sharrock, 2009, s. 52).

No, kan eg (sjølvsagt) ikkje finne fram til sitatet. Men i faget info361 “Ikt-støtta samarbeid,” så står det i ein av tekstane at det er påfallande at firma som skal auke samarbeidet internt ansetter informasjonskonsulentar som skal ta seg av “samarbeidsarbeidet,” i staden for å anten få dei som gjer det eksisterande arbeidet til bli betre på å kommunisere det dei faktisk driv med eller sjå på andre løysingar.

Det er ei særs nerdete løysing eg foreslå. Og det er nok berre infoviterar som kan hjelpe meg med denne, men eg såg for meg moglegheiten for å modellere Universitetet i Bergen som ein semantisk web ontologi. Beste eksempelet på Semantisk Web teknologi nett no er Siri til Iphone 4 SE. Eit stemmegjenkjennings-program som forstår naturleg språk, den iboande meininga, semantikken i sentninga med andre ord.

A picture of interconnected nodes

CC-BY-SA: jÖrg (flikr user)

Hadde ein klart å konstruert ein semantisk web ontologi, ferdig plotta inn med alle ansatte, styre, saksgang og utvalg så kunne ein ha fått opp heile besluttningsmaskineriet UiB som ein ryddig graf ein kan reise rundt i. Og ikkje minst, køyre komplekse spørringar mot. F.eks. ein kunne ha søkt seg fram til alle som tek avgjerder i forhold til arbeidsmiljø på lesesalane, og samstundes sett på kven som er sjefane deira, pluss ev. opplysningar om når dei har møte.

Ei slik løysing ville ha krevd ein god del arbeid, men hadde det ikkje vore greit å kunne søkje seg fram til kven som har ansvar for noko? Og i dei tilfella der ansvaret er delt, eller i ei gråsone, kunne sjå det? :)

Bonus-data: For deg som no spinner litt rundt om kva eg meiner med å rekne ut slikt, så kan eg anbefala ein ted.com forelesning av Tim Berners Lee, mannen bak internett, der han forklarar potensialet i Semantisk Web.

Masterliv: Sosialt påfyll

I det siste har eg tenkt litt på det med sosialt påfyll, og med det dei tinga me gjer for å kjenne oss inkluderte i samfunnet rundt oss. Personleg sett så likar eg faktisk å sjå litt den sosiale input’en som det blir lagt fram i The Sims, som ei søyle ein er nødt til å vere litt obs på ellers går det utover alle dei andre tinga du søkjer å gjere i kvardagen.

Når eg tenkjer på kvardagen, så må eg innrømma at eg ikkje har nokon spesiell plan over dagane. Eg vaknar opp, må få i meg mat (det veit eg), og gjere noko skulearbeid (det veit eg òg). Heldigvis, takket vere moderne teknologi så famlar eg ikkje heilt i blinde. Touch Calendar Pro applikasjonen til min Android telefon har blitt eit (nesten) uvurderleg verktyg. Mobilen synkroniserar seg automatisk med kalenderen min på Google, og forandrar eg noko den ein stad så blir det reflektert begge stadar. Einaste skåret i gleden er ein keisam bug i Xperia X10 mini’en min som hindrar meg i å lage automatiske varsel for meg sjølv, men akkurat det løyser eg berre ved å gløtta på kalenderen med jamne mellomrom.

For ikkje så lengje siden kom det for meg at det var ei venninne eg ikkje hadde prata med på ein stund, så eg tok kontakt. Og fekk avtalt ei avtale milevis fram i tid, altså den etterfylgjande fredagen, som latar til å vere langt fram i tid om ein nyttar sosiale medier som referansepunkt. Eg trur sosiale medier, med sine lause, flyktige invitasjonar utan konsekvensar gjer sitt for å forandre vår emne til å planlegge kvardagen. (Kor langt fram i tid pleier du å planlegge avtalar med vener f.eks.?) Uka gjekk, og fredagsavtalen blei ein suksess i form av herlegt funderande konversasjon. Det var flott å berre kunne ta seg tid til å sitta, snakka og drikka kaffe. Ein verdi i seg sjølv, og kanskje ein form for mental trening: Å veksle meiningar, og fundere saman.

Den etterfylgjande helga spelte eg Magic: The Gathering med ein god ven i frå Immaturus, over nett. Spelet tek tid. Tid som eg kunne ha brukt på å lese, men det er verdt det tykkjer eg. Særleg når eg speler med vener.

“There is a lot of interesting research that shows that we like people better after we play a game with them, even if they’ve beaten us badly. And the reason is, it takes a lot of trust to play a game with someone. We trust that they will spend their time with us, that they will play by the same rules, value the same goal, they’ll stay with the game until it’s over (Jane Mcgonigal).” Eg skal vere den fyrste til å innrømma at eg likar å referere til denne forskaren. Håpar eg kan få brukt noko av arbeidet hennar i masteroppgåva mi.

I min søken etter relevant litteratur til masteroppgåva mi, så kom eg over ein artikkel i frå nymag.com: Alone Together. Lengje har eg tenkt at byar er levande paradoks, med så mykje folk og så mykje einsamheit samla på ein stad. For det er eit tema som mange likar å skrive om. Men denne artikkelen går ganske utførleg gjennom forsking som peikar mot at byar ikkje er så einsamme som ein skulle tru. Ei grunn er at folk sitt kontaktnett av folk ein veit av er så mykje breiare. Dermed (eller herved) har eg justert mi oppfatting av byen som ein einsam plass.

Det er vel kanskje logisk i grunn. Ein får mykje gratis ved å bu i ein by, og særleg om ein vankar i diverse sosiale miljø som Studentteateret Immaturus, BSI Dans, Universitetet i Bergen (studentblogg.uib.no) og Det Akademiske Kvarter. Vekentleg figurerar eg i desse miljøa. Og eg tenkjer at det er lett å bli tilbakelent, og berre rusle rundt frå stad til stad og satse på at ein treff nokon kjente (veldig ofte fungerar dette heilt fint). Ein kjem fort i snakk med interessante personar, deira vener, og får dermed auka sitt kontaktnett. Tilsynelatande utelukkande bra, men eg trur det er eit lite aber i dette. At dersom ein ikkje er vand til å ta kontakt med vener, få avtalt ting i god tid, så vil kanskje kome i snakk med mange kjente, men aldri få snakka ut.

Valget er lett, ein treng å ta tak for å halde barometeret for sosial interaksjon oppe. Min plan i så måte er å freiste å få på plass litt morgenrutiner med vener, halvtimes kaffeslabberas på morgonkvisten som sosiale drypp i ein hektisk kvardag. Alle andre tider på dagen er kan hende litt vanskelegare å koordinere, men heller ikkje umogleg. Det hadde vore fint med litt sosiale rutiner, ved siden av leserutiner (som også hadde vore fint å fått på plass).

Kva for tankar gjer du deg om ditt sosiale liv?

Bonus-level: Historia til det som blei monsterhit serien The Sims, i ein artikkel hos Pressfire.no.