Entreprenørskap og LOTR, ein draum

Desert. A bird standing atop a stone.

Desert. Copyright by Moyan Brenn

Drømte at eg var med ein gjeng av forretningsfolk. Alle lo og skrålte medan dei delte triks for å kunne sno seg unna skatten.  Det var snakk om å kunne bruke inntektstapet i eit underfirma for å slippe unna skatt eller noko liknande. Ikkje heilt logisk noko av det.

Ein fyr i gjengen var ein mentor, ein meir sympatisk type. Me blei ståande å snakka etter at gjengen med forretningsfolk hadde tatt vegen heim. Forretningsfolkene hadde ropt at dersom firmaet mitt hadde noko som kunne hjelpe dei økonomisk så måtte eg ta kontakt med dei.

Så, då blei me ståande eg og denne mentoren. Eg fortalde han ganske enkelt at eg ville starte eit IT konsulent firma, og det var han positiv til. Gestikulerte positivt og smilte sympatisk. Så, fortsatte eg med å fortelje korleis eg ville skilje meg frå mengden av andre konsulentselskaper. Då fekk han ein meir alvorleg mine og høyrde godt etter. Ideen var god.

Deretter drøymde eg om eit Lord of the Rings inspirert bryllup. Etter innspillingen av siste filmen så hadde ein fått lånt ringar og fått hjelp frå alle statistane til å få lagd eit bryllup ved eit vertshus. Det var latter og sang, medan eg fulgte statistane gjennom brosteinsbyen med snirkelgater. Folk var kledd i skikkelege middelalderklær. Eit par gutar kom forbi meg med armbrøster og eg var lettet over å sjå at dei ikkje var ladd.

Vel framme ved vertshuset så var dei store tredørene til huset stengt. På plassen utanfor var det eit stort tre som gav skygge, benker var satt opp og dekket på. Men me visste at bruden ikkje hadde fått vite at det skulle komme så mange fleire til brylluppet. Vår store forsamling trengte ikkje stå lengje før tredørene gled opp. Der stod ein sjokkert brud, overrasket med hånden halvt over munnen. Bruden rakk såvidt å vere storøygd før ho falt framover. Det gjekk bra heldigvis. Ho var rørt. Etter at ho hadde fått komt seg opp så var det på tide med eit lite show. Brurefølget hadde forberedt ein filmatisk oppvisning der dei leste linjer frå eit manus foran mikrofon. Så, våknet eg.

Current status

(Heisann bloggen)

Driver å skriver på masteren for tiden, som er ein heilt greit oppleving må eg sei. :) Ting som gjenstår er å skrive ferdig kapitlene om teori, mine funn, diskusjon og konklusjon. Så, må alt omarbeidast igjen og igjen til det er gull innen midten av August. Sitter med litt over hundre sider nå, og eg veit eg har funnet noke ut. Må berre fortelje det på ein overbevisande måte. Men poenget med denne posten er berre å skrive litt om alle dei andre tankane eg går å snurre på.

(Posten fortsetter under biletet)

Leser artikler og drømmer om å skape ting. :)

Leser artikler og drømmer om å skape ting. :)

Oppfinnertrang

Leste denne artikkelen om HCI forskning (menneske-maskin-interaksjon), fordi dette er eit av forskingsfeltene eg lener meg på i forskingen (og må derfor skrive gode ord om). Det som ofte skjer når eg les slike artiklar er at eg dett inn i tankar om moglegheitene for feltet, eller berre tankar om personlege prosjekter som eg burde gi litt merksemd.

Etter å ha lest meg ferdig på HCI introduksjonen så ramlet eg inn i Youtube og hørte på ein snakk om Clojurescript i praksis (som virka lovande men eg sovna), her om dagen såg eg ein om det å starte ein startup med Haskellspråket i botn. Når eg tenkjer meg om så var begge heilt greie for å få meg til å tenkje, men kanskje ikkje så informative.

Noke av det mest informative eg har lest i det siste var eit case studie om mobilutvikling, der ein utvikler gjekk igjennom heile prosessen frå design, produksjon til markedsføring. Anbefales sterkt. Velskrevet og tett på virkeligheten.

  1. Mobilutvikling, eit case studie del 1 – Design
  2. Mobilutvikling, eit case studie del 2 – Markedsføring

Etter å ha sovna av clojure talk’en, så våkna eg opp litt seinare idag og falt inn i youtube igjen så kom eg over dette intervjuet med den sjølvlærte elektroingeniøren Jeri Ellsworth. Heile interjvuet kan du sjå her.

Jepp, eg er fan. Ellsworth er ganske kjent i maker-miljøet i USA, for diverse kule prosjekter, sitt serientreprenørskap og i det siste for å ha forlatt Valve til fordel for å jobbe med ein nytt Augmented Reality produkt som ho snakka om i intervjuet.

Når eg høyrer på kor hardt ho og teamet hennar jobba med det prosjektet berre for å få sparken av Valve, og likevel fortsettje ufortrødent. Det er inspirerande.  Og så får det meg til å tenkje på alt det eg har lyst til å lage, men som eg må vente litt med. Fyrst må firmaet grunnlegjast bokstaveleg talt. Og fyrst må denne masteren ordnast, puh. Men eg har i alle fall masse inspirasjon til å bli ferdig. Og heldigvis er stoffet framleis (!) inspirerande.

Det har vore ein chill dag så longt, fått vasket kler, fått “somret” litt (feriert formiddag/ettermiddag). Men no er det på tide å ta ein økt på skulen, jobbe kveld, som dei seier. Til slutt vil eg berre tipse om denne siden, invetables.com, berre det å titte igjennom råvarane kan gi idear om kule ting som ein kunne lagd.  Denne lampen er jo berre snasen. :)

Med klima på tanken(e), eit svar til Jarle.

Etter eg las innlegget til Jarle, så tenkte eg berre at eg skulle spinne litt vidare på denne problemstillinga med å få fleire mennesker til å bidra for eit betre miljø. Det er teikn på at me er på veg i riktig retning. Dei siste vekene så har Miljøpartiet dei grønne fått særs gode prognoser inn mot valget (krysser fingrane).  Eg tenkjer det kanskje ikkje er så rart sidan stortingskandidaten deira for Oslo Rasmus Hansson er så god til å snakke for seg. Oppfordrer sterkt til å ta ein titt på NRK Debatten 06.06.13. På debatten så satt Hansson i publikum og sa rett ut at Norge er nøydd til å tenkje på korleis me skal slutte med olje om 20 år.

Tanken om eit oljelaust Norge fekk i alle fall meg til å sperre augene opp fordi det er ikkje business as usual (prat godt for deg og nyt fire nye år som politikar). Her snakker me omveltning fordi me uredd tørr å stirre på den samfunnsmessige endringen me er nødd til å gjere. I framtida må leve på andre ting enn olje. Og kanskje må me tåle å ha ein enklare livsstil.

Her vil eg berre dele eit par snutter og trekke noken tanker til slutt.

Miljøutfordringen

Videoen synleggjer ein nærast håplaust fastlåst situasjon mellom landa som skal bli einige om kven som skal gripe inn for å redde miljøet fyrst. Debatten om å trappe ned oljeutvinning er ein debatt som pågår i alle land takka vere miljøforkjemperar. For kvart land som får fremgang for miljøspørsmål gjer det lettare for miljøbevegelser i andre land.

Menneskeutfordringen

Eg har lenka til denne videoen i eit tidlegare innlegg, her kjem det igjen og det er berre fordi eg er så imponert over den innsikten som presentøren Dave Meslin klarer å få opp på banen i det korte tidsrommet.

My main message is, if we can redefine apathy, not as some kind of internal syndrome, but as a complex web of cultural barriers that reinforces disengagement, and if we can clearly define, we can clearly identify, what those obstacles are, and then if we can work together collectively to dismantle those obstacles, then anything is possible. ~ Dave Meslin

Meslin har mykje rett tenkjer eg når han hevder at våre populære filmer lærer oss opp til å tru at ingen av oss har det i oss til å bli helter dersom me ikkje har fått risset inn eit profetisk merke i pannen på forhånd. I følge Meslin er politisk endring er ein flytende, uryddig prosess uten ein definerbar start eller slutt. Ein må berre byrje ein plass, og slå ring rundt dei som forsøkjer å få noko til å skje. Derfor bør ein ikkje vike i frå politiske spørsmål fordi nokon ikkje har utpeikt deg til forskjemper, og derfor bør ein akseptere at samfunnsendringen ikkje vil gå pent og pynteleg for seg.

Husk at du kan forhåndsstemme på Stortingsvalget! Det koster lite, og det har masse å sei. Faktisk.